Kultureigarmelding

Publisert 21.02.2012 kl 03:00 Oppdatert 21.02.2012 kl 07:29

Tips en venn på e-post:

Kultur skal gje oss inspirasjon, utfordra oss og av og til rett og slett berre vera til humor og glede.

Kommentar

Stavanger er ein av kommunane i landet som satsar mest på kultur. Senterpartiet ønskjer no at kommunen utarbeidar ei eigarmelding, der vi framover blir ein meir tydeleg støttespelar.

Kulturhovudstadåret Stavanger 2008 og bygging av nytt konserthus er to store kultursatsingar som Stavanger kommune har tatt initiativet til og gjennomført dei siste åra. Stavanger er ein av dei kommune i landet som satsar mest på kultur. Kva avkasting dette gjev vil vera vanskeleg å måla.

Sjølv om mange meiner at det å satsa på kultur gjev gode synergieffektar inn mot næringslivet og deira vilje til å satsa i vår region, så har det vore vanskeleg å få reelle tal på bordet som syner at dette er målbart. Spørsmålet er eigentleg om det er det som skal vera målet for vår kultursatsing, altså å tilfredsstilla næringslivet. Vår kultursatsing bør etter vår meining vera så trygt forankra i regionen vår at den står trygt på eigne bein. Kultur er etter Senterpartiet si meining limet i samfunnet. Kultur skal gje oss inspirasjon, utfordra oss og av og til rett og slett berre vera til humor og glede.

I Stavanger kommune sitt kulturbudsjett er det sjølvsagt dei store institusjonane som MUST – Museum Stavanger, Rogaland Teater og Stavanger Symfoniorkester som står for dei verkeleg store summane. Men vi brukar og store beløp kvart år på å støtta opp om kulturinstitusjonar som Rogaland Kunstsenter, Kunstskulen i Rogaland, Stavanger kunstforeining, Norsk Lydinstitutt, Filmkraft, musikkforeiningar, ulik festivalar og mange andre små og store kulturarrangement.

Mangfaldet er viktig. Vi skal stimulere til at regionen vår i så måte skal vere attraktiv for ulike kunstuttrykk og for at ulike kunstnarar ønskjer å utøve sitt arbeid her.

Når Senterpartiet no tek til orde for at kommunen utarbeidar ei kultureigarmelding, har dette to hovudmål. For det første at Stavanger kommune skal bli ein meir tydeleg eigar og støttespelar. Våre samarbeidspartnarar i kulturlivet skal vite kva kulturpolitikarane forventar seg, samstundes som kulturpolitikarane skal ha betre kjennskap til den enkelte kulturinstitusjonen eller organisasjonen. For det andre har kommunen etter vårt syn behov for klarare å gje våre representantar i ulike styrer og råd eit klarare mandat om kva som er kommunen sitt mål med vår økonomiske støtte. I dag er det for ofte slik at kontakten mellom kommunen sitt kulturstyre og våre representantar i ulike styre og råd, er for sporadisk og for lite organisert.

I nokre tilfelle bør ein nok også vurdere om det ikkje bør vera meir gjennomgåande representasjon, slik at kulturstyret sine medlemmar oftare er representert i ulike kulturorgan, for på den måten kunne gje viktige signal om kommunen sin kulturpolitikk.

Eit anna mål med ei kultureigarmelding er at kommunen fortløpande må kunne vurdere i kva mon kommunen framleis bør vera ein økonomisk støttespelar. Vi er i den gode situasjonen at det stadig veks fram nye og spennande kulturtiltak. Mange av desse har behov for kommunal støtte i ein periode. Dermed vil det vera på sin plass både å kunne sjå om ulike kulturtiltak kan samordnast eller om eventuelt nye tiltak bør prioriterast over dei allereie eksisterande tiltaka. Det vil nok av og til vera slik at nye gode kulturtiltak ikkje får den støtta dei burde ha, rett og slett fordi kommunen er for låst i sine støtteordningar. Ei kultureigarmelding kan dermed også gje oss nyttig informasjon om i kor stor grad kommunen framover bør vera med som støttespelar, kontra det å satsa på nye tiltak.

Kulturlivet endrar seg. Nye kulturuttrykk kjem til. For oss er det eit mål at også Stavanger kommune raskt skal kunne ta grep som gjer at vi kan ha ein offensiv kulturpolitikk i åra som kjem.

Mest lest nå

...

Fikk trøstemål

Viking Åge Hareide hadde på forhånd tro på at Viking kunne ta tre poeng mot Tromsø. Men Tromsø vant 5–1. Les mer

...

Fare for busstreik

Nyheter Om lag 2.500 sjåfører kan bli tatt ut i streik mandag morgen, noe som vil ramme busstrafikken i hele Stavanger-området. Partene mekler på overtid. Les mer

...

Her er 17. mai-bildene!

Bilder Barnetog, russetog, folketog og lesernes egne blinkskudd. Les mer

...

Krever investorer på banen

Viking Hordenes leder Geir Inge Fiskebekk mener det trengs drastiske grep for å komme ut av krisen i Viking. Les mer


Rogalands Avis

Klubbgata 1
Postboks 233
4001 Stavanger
Tlf: 51 82 20 00

Redaksjon

Sjefredaktør: Bjørn G. Sæbø
Nyhetsredaktør: Lars Petter Einarsson
Sportsredaktør Torbjørn Svendsen

Marked

Markedsavdeling: Send e-post
Markedssjef: Roar Hasle
Internettannonse: Akin Anli
Telefon: 51 82 22 98
Abonnement: Send e-post

Tips oss

Tips oss: Send e-post
Mobil: [ratips] til 2005
Telefon: 51 82 22 10
Telefax: 51 82 21 50

Nasjonalbiblioteket

Vi gjør oppmerksom på at
denne nettavisen regelmessig
blir innsamlet og lagret av
Nasjonalbiblioteket. Nettavisen vil
bli gjort tilgjengelig som kildemateriale
for forskning og dokumentasjon.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.