Dei siste reformene i skulen har ført til dei teoretiske faga har fått større plass på bekostning av dei praktiske faga. For mange elevar har dette ført til ein tyngre skulekvardag, der fag som krev andre type kunnskapar enn berre dei teoretiske har hamna i bakgrunnen.
Utviklinga som har skjedd dei siste tiåra har vore veldig synlege for alle som arbeidar i skulen til dagleg. Medan fag som kunst og handverk, tidlegare kalla sløyd, handarbeid og forming, saman med fag som mat og helse og kroppsøving ikkje har fått auka timetalet, så har dei teoritunge faga som språkfag, matematikk og norsk fått stadig fleire timar.
No kan dette forklarast med det kunnskapssamfunnet vi lever i krev gode kunnskapar nettopp innan desse områda. Likevel ser vi tydleg at veldig mange elevar slit med at skuledagen har blitt for teoritung. Over tid har nok dette ført til at mange har blitt mindre motiverte for det å ta imot kunnskap.
Med dette som bakteppe var eg sist veke saman med stortingsrepresentant Anne Tingelstad Wøien (Sp), som er medlem i kyrkje- utdanning- og forskingskomiteen på Stortinget, på besøk på Teinå skole for å få tilbakemeldingar om korleis dei som arbeider i skulen opplever nettopp dette med praktiske fag.
Gledeleg i så måte var det at signala var eintydige og heilt i tråd med det som vi i Senterpartiet ynskjer å fremja forslag om ved utarbeiding av ny plan for ungdomskulesteget. Både skuleleiinga og lærarane såg klart behovet for at dei praktiske faga får ein meir sentral plass i skulekvardagen.
For oss i Senterpartiet er det også viktig at elevar skal kunne velje kva for praktiske fag dei ynskjer å fordjupe seg i. På same måten som elevar kan velje mellom ulike språkfag som spank, tysk, frank og engelsk fordjuping, må det og vera mogleg å velja om ein ynskjer fordjuping i kroppsøving, musikk, kunst og handverk eller mat og helse. Praktiske fag må i den nye planen for ungdomsskulen prioriterast for å utvikla elevane sine kreative evner.
For oss som er skulepolitikarar i Stavanger, så har vi lenge sett at skilnaden mellom jentene og gutane sine skuleresultat har auka, i jentene sin favør. Rett nok er framleis slik at svært mange gutar får gode resultat og karakterar på vitnemålet etter 10. klasse, men trenden er likevel slik at vi ser at delen av gutar som slit med skulefaga har auka. No kan det godt seiast at trenden var vore motsatt veldig lenge, så vi skal vera forsiktige med å overreagera. Men når vi veit at utviklinga hjå gutar og jenter er ulik i ungdomsåra, så bør vi tilsteve å leggja til rette skulen slik at alle elevane der opplever god meistring i skulekvardagen.
I 2006 stilte eg spørsmål til skuleadministrasjonen i kommunen om det går an å finne forklaringar på kvifor skilnaden på skuleresultata mellom gutar og jenter er som dei er. Seinare har både Kommunalt foreldreutval (Kfu) og andre politiske parti grepe fatt i den same problemstillinga. Men det er vanskeleg å finna nokre eksakte svar som gjev grunn for å konkrete tiltak. Truleg er det slik som vår stortingsrepresentant også har konkludert med, at skulen for mange elevar har blitt for lite praktisk.
Går ein så eit steg vidare i utdanningsløpet til vidaregåande skule, så ser vi også der at dei teoretiske faga har fått fleire timar på bekostning av timar med meir praktisk innhald. Når dette også gjer seg gjeldande på yrkesfaglege studieretningar, så trur eg vi alle skjønar at dette er feil veg å gå.
Medan skulebudsjetta har auka, så kan det virke som om den delen som går til praktisk opplæring har blitt mindre. På sikt vil jo dette føre til at elevar som skal ta eit fagbrev har fått lite praktisk opplæring i det faget dei skal praktisera i dei neste åra.
Det seier seg sjølv at slik kan vi ikkje ha det.
Tida er no moden for å gjera endringar i ungdomsskulen. I Senterpartiet vil vi arbeida for at praktiske fag får fleire timar og auka status. Dermed trur vi at fleire elevar vil finna skulekvardagen meir motiverande, enn dei gjer i dag.