Vålandstårnet med si sentrale plassering og flotte utsikt over Stavanger må få nytt liv. For Senterpartiet er det eit mål at tårnet skal bli ein hyggeleg møtestad for folk, både som kafé, utsiktspunkt, turområde og for ulike kulturarrangement.
Frå toppen av Vålandstårnet kan nesten alle som bur i Stavanger sjå kor dei bur. Vålandshaugen som tårnet står på er 84 meter høgt, og er høgare enn landskapet rundt. Difor er tårnet eit viktig landemerke i byen. Sjølve Vålandshaugen har lange tradisjonar som utsiktspunkt. Frå gammalt av stod det ein steinvarde her. Men under Napoleonskrigen (1807 – 1814) fekk Gabriel Schanke Kielland erstatta varden med eit utsiktstårn i tre. Frå tårnet var det utsikt til fjorden og havet, slik at byen kunne bli varsla om framande skip skulle nærma seg.
I 1893 – 1894 blei det bygd høgtrykksbasseng på Vålandshaugen kor vatnet frå Mosvatnet blei pumpa opp og fordelt ut i byen. Sjølve Vålandstårnet stod ferdig i 1895. Bygget skulle fungera som utsiktspunkt og bustad for vaktaren av vassbassenget. Besøkjande kunne kjøpe brus, sjokolade og sigarar. I 1917 fekk tårnet den utsjånaden det har i dag. Matserveringa ved tårnet fortsette fram til 1930 – åra. Seinare har tårnet blitt brukt til bustad og dei siste åra har det blant anna vore bydelskafé i bygget. Folk i nabolaget på Våland har lagt ned eit stort arbeid i å innreie bygningen.
Dessverre har det utvendige forfallet i tårnet vore omfattande. Vasslekkasjar har ført til store fuktproblem. I handlings- og økonomiplanen for 2007 – 2010 gjekk fleirtalspartia Sp, H, Ap, V, KrF og Pp inn for å leggja til rette Vålandstårnet for flest mogleg av byen sine innbyggjarar. To millionar kroner blei sett av til planleggingsarbeid og oppstart av rehabilitering av bygningen.
2 år seinare, 5. februar 2009, godkjente formannskapet forprosjektet for rehabilitering av Vålandstårnet, med ein prosjektkostnad på 14,1 millionar kroner.
Senterpartiet fremja saman med H, V og KrF i dette møtet forslag om at Eiganes/Våland bydelsutval skulle få eit særskilt ansvar for å vera med å leggja til rette for framtidig bruk av tårnet.
I formannskapsmøtet 11. mars 2010 blei denne diskusjonen ført vidare. Det er ikkje nok at vi berre rehabiliterer sjølve tårnet. Skal Vålandstårnet bli ein attraktiv møtestad, så må tårnet fyllast med liv. Senterpartiet har heile tida meint at tårnet bør kunne ha ein funksjon som bydelshus og møtestad for innbyggjarane i bydelen. Eiganes/Våland bydel er som kjent den einaste bydelen som framleis står utan eige bydelshus. I tillegg er Vålandshaugen med sin heilt spesielle utsikt og plassering ein naturleg stad for rekreasjon og oppleving. Rundt sjølve tårnet ligg det store parkområde som i seg sjølve er attraktive. Vålandstårnet sin historie knytta til både utsiktspunkt og høgtrykkbasseng bør ha ei sentral plassering inni bygget. Stavanger Museum har allereie sagt seg villige til å vera med og bistå i dette arbeidet.
I dei seinare åra har fleire kulturbygg i regionen vår som til dømes Frida Hansens hus, Tungenes fyr og Hå gamle prestegard blitt rehabilitert og tatt i bruk til kulturarrangement og kafé, men også til utleige for private. Det å få til ein driftsorganisasjon som både kan sørgja for at bygningane har ein forsvarleg bruk, samt gode opningstider for kafeen er ikkje alltid like lett.
Bruken av dei ulike kulturstadane vil naturleg nok variera, både med årstidene, men også med kva arrangement ein kan skilta med. Med dette som bakgrunn bad eg difor rådmannen på formannskapsmøte 11. mars, sjå på om det er mogleg å få til eit større driftsselskap som kan stå for drift og utleige av både Vålandstårnet, Valbergtårnet, Ullandhaugtårnet og Frida Hansens hus. Får ein dette til, vil det bli lettare å ha ein fast stab som kan stå for både kafédrifta av dei ulike bygga, samt marknadsføring og utleige.
Det å samla alle desse bygga bør gje stordriftsfordelar. Senterpartiet vil arbeida for at kommunen i ein startfase gjev økonomisk garanti, slik at det blir lettare å få eit solid driftsselskap på plass.
Vålandstårnet ser no endeleg ut til å få ein ny vår. Og med ein ny vår håper eg tårnet vil bli fylt med nytt liv til glede for oss som bur på Våland, men også resten av byens befolkning.