Vi viser Stavanger bystyres møter direkte. Her kan du se opptakene.
Gå til sendinger fra bystyretNoe du lurer på om Rogalands Avis? Spør i vei. Spørsmålene vil hovedsakelig bli besvart av sjefredaktør Bjørn G. Sæbø, men også nyhetsredaktør Lars Petter Einarsson vil noen ganger svare.
Send inn dine spørsmål| Bjarne Kvadsheim, Gruppeleiar i Senterpartiet | |
| Publisert 09.02.2010 kl 03:00 Oppdatert 09.02.2010 kl 07:37 |
9. februar 1960 blei Senterpartiet i Stavanger stifta. Seinare i 1964 blei senterpartilaga i Hetland og Madla kommune slått saman med Stavanger Sp. Men allereie i 1922 deltok Senterpartiet ved valet i Hetland kommune og i 1931 blei eige lag stifta i Madla kommune.
Senterpartiet blei som politisk parti stifta så langt tilbake som i 1920, og er dermed eit av dei eldste partia våre. Den gongen var partinamnet Norsk Landmandsforbund, og som namnet tilseier så hadde partiet sitt utgangspunkt i landkommunane.
Partiet skifta etter kort tid namn til Bondepartiet
Partiet sitt veljargrunnlag i starten var først og fremst Venstre-folk. I mange bygder melde heile Venstre-laget overgang til det nye partiet. Stortingsvalet i 1921 blei det første valet partiet deltok i. Resultatet blei at partiet fekk inn 17 representantar. I Rogaland blei stortingsvalet i 1921 eit sjokk for Venstre. Det nye Bondepartiet fekk halvdelen av stemmene til Venstre, og dobbelt så mange som Høgre.
Den nye avisa, Dagbladet Rogaland, har historisk fått ein del av æra for den kjempeopninga som det nye partiet fekk. Så sjølv om Stavanger Sp no berre feirar 50 år dette året, så har partiet vore aktivt i Stavanger-området i 90 år.
I åra etter det store børskrakket i 1929 blei det vanskeleg å stabla eit regjeringsdyktig alternativ på beina. Dermed kunne Bondepartiet i 1931 danna regjering åleine.v Denne blei sitjande fram til 1933. I 1935 inngjekk partiet kriseforliket med Arbeidarpartiet. Slagordet «By og land, hand i hand» seier kanskje det meste om grunnlaget for dette samarbeidet. I tråd med at nye veljargrupper kom til, endra partiet i 1959 namn til Senterpartiet. Partiet ynskja gjennom namneendringa å signalisera både si klare tilknyting til sentrum i norsk politikk, samstundes som namnet opna for nye veljargrupper.
I etterkrigstida har partiet vore ein forkjempar for folkestyret og norsk kontroll over eigne naturresursar. I EF saka i 1972 og EU i 1994 markerte partiet seg som det viktigaste partiet på nei-sida. Partiet har alltid vore ein forkjempar for sjølvråderetten og for den private eigedomsretten. Satsing på norsk mat hatt eit sentralt fokus, både gjennom tanken om at Noreg må ha eigenproduksjon av eigen mat, samt at jordbruket er ein viktig føresetnad for å oppretthalda busetjing i heile landet vårt.
Senterpartiet har deltatt i fleire regjeringar. Mest kjent er Borten-regjeringa (Sp, H, KrF og V) frå 1965 til 1971 med Per Borten (Sp) som statsministar. Berre Ap har etter 1945 lengre regjeringsdeltaking enn Senterpartiet.
I vårt område er det først og fremst i kommunane Hetland og Madla partiet gjorde dei beste vala. I 1925 fekk partiet 37,4 prosent av stemmene og 9 representantar i Hetland kommune. Madla blei først eigen kommune i 1930, etter ein 50 års lausrivingsprosess frå Håland kommune. I Madla kommune blei Jon Sundal frå Senterpartiet ordførar frå 1938 til 1940, samt ein kort periode i 1945. Han blei attvald til ordførar i åra 1952 til 1955. 1. januar 1965 blei kommunane Stavanger, Hetland og Madla slått saman. Etter dette har Senterpartiet sin representasjon i bystyret har gått opp og ned. Dei beste vala har partiet gjort når EF/EU-saka har prega nyheitsbilete. Partiet har fram til no gjort sitt beste val i Stavanger 1993 med 8,3 prosent av stemmene.
Sjølv om Senterpartiet i Stavanger ikkje har vore blant dei største partia i byen vår, har partiet likevel hatt medlemmar i viktige posisjonar i både Stortinget, fylkestinget og bystyret. Karl Åsland var stortingsrepresentant frå 1969 til 1977, Odd Arild Kvaløy var fylkesordførar i Rogaland fylkesting frå 1991 til 1999, og er i dag leiar av samferdsleutvalet i fylkestinget. Kate Elin Norland var kommunalråd i Stavanger bystyre frå 1991 til 1999. Ho er i dag nestleiar i Madla bydelsutval og leiar i Senterpartiet i Stavanger.
Etter bystyrevalet i 1995 inngjekk Senterpartiet eit forpliktande samarbeid med partia Høgre og Kristeleg Folkeparti, med Leif Johan Sevland (H) som ordførar. Etter valet i 1999 blei dette samarbeidet utvida med partiet Venstre.
Senterpartiet i Stavanger har dermed i mange år no saman med Høgre, Venstre og KrF vore med og tatt ansvar for utviklinga i byen vår. Vi er kanskje ikkje det partiet som får mest omtale i media, men vi har likevel hatt stor gjennomslag for sakene våre innad i samarbeidet.
Fredag 5. februar arrangerte vi festmiddag i Sømannsforeininga sine lokale i Stavanger Sjøfartsmuseum for nesten 40 partimedlemmar og representantar frå samarbeidspartia. Vårt mål er at Senterpartiet også i åra som kjem skal vera eit alternativ for dei som er opptekne av norsk sjølvråderett og folkestyre, og for alle dei som ser at det å ta vare på matjorda vår berre blir viktigare og viktigare i tida som kjem.
Politilogg En 30 år gammel mann brøt seg inn i en bil ved Shell-stasjonen i Madlakrossen. Les mer