Kampen for sjølvstendig Vest-Sahara

Med fare for å nedvurdera storparten av det norske folk, stiller eg meg spørsmålet: kor mange veit eigentleg om Vest-Sahara, den siste kolonien i Afrika? Sjølv vart eg først merksam på Vest-Sahara og kampen for fridom då eg studerte i Bergen på slutten av 1990-talet. Sist veke vitja den tidlegare mottakaren av Rafroprisen, saharawien Sidi Mohammed Daddach, Norge for å orientera om situasjonen i det marokkanskokkuperte Vest-Sahara.

Rv 13 Nesvik ferjekai - Sand, (Kilane - Osberget)
Redusert framkommelighet:
Manuell dirigering og kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn ...
Rv 13 Nesvik ferjekai - Sand, (Kilane - Osberget)
Midlertidig stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid i periodene: Mandag til onsdag fra 09:00 til 14:30...
Rv 47 Sandve (i Karmøy kommune)
Redusert framkommelighet:
Kan bli stengt i perioder på inntil 90 minutter i periodene: Mandag til fredag ...
Fv 44 Flekkefjord - Egersund, ved Jøssingfjord
Redusert framkommelighet:
Kan bli stengt i perioder på inntil 2 timer på grunn av vegarbeid i periodene: ...
Fv 134 Persodden - Sirevåg Stasjon, ved Sirevåg
Midlertidig stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 23.06.2010 klok...
Flere meldinger Kilde: Statens vegvesen
...

Stavanger bystyre

Vi viser Stavanger bystyres møter direkte. Her kan du se opptakene.

Gå til sendinger fra bystyret

Spør redaktøren

Noe du lurer på om Rogalands Avis? Spør i vei. Spørsmålene vil hovedsakelig bli besvart av sjefredaktør Bjørn G. Sæbø, men også nyhetsredaktør Lars Petter Einarsson vil noen ganger svare.

Send inn dine spørsmål
Publisert 02.03.2007 kl 08:35 Oppdatert 02.03.2007 kl 08:40

Tips en venn på e-post:

For tida sveltestreikar politiske fangar som ein protest på den dårlege behandlinga dei får i fengsel og i rettssystemet.
Kommentar

I 1975 vart Vest-Sahara sjølvstendig frå Spania som koloniserte landet ved slutten av 1800-talet. Straks spanjolane trakk seg ut av landet, rykka marokkanske og mauritanske styrkar inn, og fleirtalet av innbyggjarane vart forvist til flyktningleirar i Algerie. Mauritania trekte seg seinare ut av Vest-Sahara, og Marokko okkuperte heile landet.

Motstandsrørsla Front Polisario tok opp kampen mot dei marokkanske styrkane, og etter ein 16 år lang krig vart dei to partane samde om våpenkvile i 1991. I følje FN sin fredsplan skulle det haldast folkeavstemming hausten 1992 der saharawiane skulle velja mellom sjølvstende eller integrasjon i Marokko. Men slik skulle det ikkje gå, og saharawiane ventar framleis på å få stemme over framtid si. Marokko har systematisk nekta å gjennomføra avstemminga, og det med støtte frå Frankrike, og FN sine forsøk på å gjennomføra folkeavstemminga har slått feil.

I tillegg til den marokkanske hæren, er det mellom 150.000 og 200.000 sivile marokkanske busettarar og 50.000 representantar for marokkanske politi- og administrasjonsvesen i Vest-Sahara. Desse tala står i kontrast til talet på saharawiar som er omkring 273.000, og rundt tre fjerdedelar av desse lever i flyktningleirane Algerie. Vest-Sahara har store mengder naturressursar som fosfat og fisk, og mest truleg er det førekomst av olje utanfor kysten. Marokko har gjennom okkuperinga av Vest-Sahara forsynt seg av naturresursane, og det i samarbeid med internasjonale selskap.

Sidi Mohammed Daddach er menneskerettsforkjempar og har vore til saman 24 år i marokkansk fengsel. Han vart dødsdømd, men seinare vart domen omgjort til livstid, og i november 2001 vart han lauslaten etter massivt press frå menneskerettsforkjemparar og aktivistar i Vest-Sahara og resten av verda. Daddach er eit symbol for den ikkje-valdlege kampen for menneskerettar, ytringsfridom og retten til sjølvstende. Dette er ein kamp som ikkje er ufarleg. Amnesty International har fleire gangar uttrykt bekymring for korleis dei marokkanske tryggleikstyrkane behandlar aktivistar. Tortur og mishandling i fengsel der kølleslag, spark, kveling og trugslar om voldtekt er blant metodane som vert nytta er ikkje uvanleg. For tida sveltestreikar politiske fangar som ein protest på den dårlege behandlinga dei får i fengsel og i rettssystemet.

På LO-konferansen 26. til 28. januar i år vart det satt fram krav om at Norge må anerkjenna Vest-Sahara, eller den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikk, som sjølvstendig stat. Dette er eit krav det norske folk bør stilla seg bak. Daddach understrekar at Vest-Sahara treng den norske støtta meir enn nokon gang, og oppfordrar alle som har anledning til å vitja det okkuperte området og flyktningleirane om å gjera det – for så å spreia informasjon om tilhøva og kampen for menneskerettar og sjølvstende.

Amnesty International har fleire gangar uttrykt bekymring for korleis dei marokkanske tryggleikstyrkane behandlar aktivistar.

...

Fotballspillere får tilbud via Internett:

Spillere jaktes på Facebook

Lokalfotball Ledere i lokalfotballen går stadig nye veier for å rekruttere spillere. Hinnas Fredrik Fossmark er en av flere som har fått henvendelser via Facebook. Les mer

...

Aram Omar: – Jeg har ikke gjort noe galt:

Adam (3) mister faren i fem år

Nyheter Aram Omar (28) må forlate sønnen Adam (3) og kona på Ullandhaug. Han har bodd i landet i åtte år, jobbet og betalt skatt, men nå utvises han fra Norge i fem år. Les mer

...

Galskap fra hjertet

Puls Vegar Hoel og Christian Eriksen har hentet galskap fra eget hjerte og er 15. september klar for premiere på forestillingen «Smilemann». Les mer

Følg Vågen direkte på webkamera.
...

Mest lest i dag:

Kjøp papiravisen i PDF

Siste bilder på Siddisland:

Familien 09.09.2010

...

Familien 08.09.2010

...

Familien 07.09.2010

...
...

Folk og familie

Se lesernes familiebilder.

Send inn dine familiebilder
Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!

Rogalands Avis

Klubbgata 1
Postboks 233
4001 Stavanger
Tlf: 51 82 20 00

Redaksjon

Sjefredaktør: Bjørn G. Sæbø
Nyhetsredaktør: Lars Petter Einarsson
Sportsredaktør Torbjørn Svendsen

Marked

Markedsavdeling: Send e-post
Markedssjef: Raymond Lind
Internettannonse: Trine Fløtre
Telefon: 51 82 22 98

Abonnement

Kundeservice: Send e-post
Telefon: 51 82 20 00

Tips oss

Tips oss: Send e-post
Mobil: [ratips] til 2005
Telefon: 51 82 22 22
Telefax: 51 82 21 50

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.